Tryggheim vgs treng lærarar – aktuelle fag er norsk, engelsk og naturfag

Tryggheim vgs treng fleire lærarar i fellesfag frå 1. august 2026. Aktuelle fag er ikkje minst norsk, men også engelsk og naturfag. Andre fag kan òg vere aktuelle. (Både fast og midlertidig stilling).

I tillegg til formell utdanning og praksis vil det ved tilsetjing også bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer medarbeidarar med god fagleg kompetanse, som er fleksible, gode til å samarbeida og har eit reflektert forhold til elevar og læring.

 

Tryggheim vgs

Tryggheim er ein kristen friskule kor vi arbeider for læring gjennom nysgjerrigheit, samarbeid og meistring. Hos oss skal både elevar og tilsette oppleve tryggleik, utvikling og arbeidsglede. Misjonssambandet sitt verdigrunnlag ligg til grunn for alt arbeid, og pregar kvardagen vår. Vi ser etter deg som vil vere med å skape eit inkluderande miljø for læring, vekst og tru. Vi tilbyr Studiespesialisering, Helse- og oppvekstfag, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Påbygging til generell studiekompetanse og TA (Tilrettelagt avdeling).

 

Typiske arbeidsoppgåver:

  • Planleggje og gjennomføre undervisning
  • Skape motiverande læringsopplegg med tydelege mål og variasjon
  • Følgje opp elevane sin faglege og sosiale utvikling
  • Samarbeide tett med kollegaer, føresette og skuleleiing
  • Kontaktlærarfunksjon

 

Vi ser etter deg som:

  • Har relevant kompetanse
  • Har personlege eigenskapar som er relevante for stillinga
  • Har eit varmt hjarta for elevgruppa i alderen 16-19 år
  • Tør å prøve nye idéar og dele erfaringar med kollegaane dine
  • Vil bidra i både dei sosialpedagogiske oppgåvene og det kristne arbeidet ved skulen
  • Ønskjer å bli ein viktig del av eit fellesskap som arbeider for å fremje skulen sine mål og verdiar, og derfor deler det kristne livssynet som skulen byggjer på

 

Vi tilbyr:

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Tid til samarbeid, utvikling og fagleg påfyll
  • Moglegheiter for vidareutdanning og kompetanseheving
  • Ein skule i utvikling – der du får vere med å påverke
  • Mentorordning for nye lærarar
  • Lønns- og arbeidsvilkår som i tilsvarande offentlege skular

 

Den som blir tilsett må kunne leggje fram politiattest, jfr. Privatskolelova § 4-3.

 

Ta kontakt

Skulen ønskjer å kome i kontakt med aktuelle søkjarar.

Spørsmål kan rettast til rektor, tlf 51 79 80 00, mob: 40 41 98 42 eller e-post: gviste@tryggheim.no  

 

Søknad og CV kan sendast elektronisk til post@tryggheim.no. Vitnemål og attestar kan takast med ved eventuelt intervju.

 

Søknadsfrist: 10. februar

Personvernerklæring Vi bruker informasjonskapsler for å gjøre opplevelsen på siden så god som mulig. Ved å klikke på «Ok», samtykker du i bruken av slike teknologier. Mer info