Tryggheim vgs treng lærar i frå januar - aktuelle fag er spansk, kroppsøving og kristendom

Tryggheim vgs treng lærar frå ca. januar 2026. Aktuelle fag er spansk, kroppsøving og kristendom. Andre fag kan òg vere aktuelle. Andre fag kan òg vere aktuelle. I første omgang er det ca. 50-100 % midlertidig stilling. PS: Mindre enn 50 % stilling i eitt eller to fag er også aktuelt.

I tillegg til formell utdanning og praksis vil det ved tilsetjing også bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer medarbeidarar med god fagleg kompetanse, som er fleksible, gode til å samarbeida og har eit reflektert forhold til elevar og læring. 

Den som blir tilsett må ta del i dei sosialpedagogiske oppgåvene og det kristne arbeidet og aktivt kunne fremje målsetjinga ved skulen. Søkjarar må difor dele det kristne livssynet. Misjonssambandets verdigrunnlag ligg til grunn for stillingane. 

Den som blir tilsett må kunne leggje fram politiattest, jfr. Privatskolelova § 4-3. 

Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor, tlf 51 79 80 00, mob: 40 41 98 42 eller e-postgviste@tryggheim.no  

Skulen ønskjer å kome i kontakt med aktuelle søkjarar så snart som mogleg. 

Søknad og CV kan sendast elektronisk til post@tryggheim.no. Vitnemål og attestar kan takast med ved eventuelt intervju. 

 

Søknad kan også sendast: 

Styret for Tryggheim skular 

v/rektor 

Tryggheimvn. 13 

4365 Nærbø 

Personvernerklæring Vi bruker informasjonskapsler for å gjøre opplevelsen på siden så god som mulig. Ved å klikke på «Ok», samtykker du i bruken av slike teknologier. Mer info