Vil du vere med å utdanne framtidige fagarbeidarar innan helse og oppvekst? Stillingane (frå 1. august 2026) passar for deg som ønskjer å formidle fagkunnskap og erfaringar, gode haldningar og verdiar til ungdom.
I tillegg til formell utdanning og praksis vil det ved tilsetjing også bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer medarbeidarar med god fagleg kompetanse, som er fleksible, gode til å samarbeida og har eit reflektert forhold til elevar og læring.
Tryggheim vgs
Tryggheim er ein kristen friskule kor vi arbeider for læring gjennom nysgjerrigheit, samarbeid og meistring. Hjå oss skal både elevar og tilsette oppleve tryggleik, utvikling og arbeidsglede. Misjonssambandet sitt verdigrunnlag ligg til grunn for alt arbeid, og pregar kvardagen vår. Vi ser etter deg som vil vere med å skape eit inkluderande miljø for læring, vekst og tru.
Typiske arbeidsoppgåver:
Vi ser etter deg som:
Vi tilbyr:
Den som blir tilsett må kunne leggje fram politiattest, jfr. Privatskolelova § 4-3.
Skulen ønskjer å kome i kontakt med aktuelle søkjarar.
Spørsmål kan rettast til rektor, tlf 51 79 80 00, mob: 40 41 98 42 eller e-post: gviste@tryggheim.no
eller avdelingsleiar HO Aud Oddrun Alme Lende tlf 47 50 12 94 eller e-post: alende@tryggheim.no.
Søknad og CV kan sendast elektronisk til post@tryggheim.no. Vitnemål og attestar kan takast med ved eventuelt intervju.
Søknadsfrist: 10. februar