Tryggheim vgs søker etter kokk/kokehjelp som vil bidra til eit godt arbeidsmiljø på kjøkkenet og skape rammer for gode måltidsfellesskap for elevane. Inntil 100 % fast stilling. Tiltredelse: snarest.
Tryggheim vgs
Tryggheim er ein kristen friskule kor både elevar og tilsette skal oppleve tryggleik, utvikling og arbeidsglede. Skulen sitt verdigrunnlag ligg til grunn for alt arbeid, og pregar kvardagen vår. Vi ser etter deg som vil kombinere fagleg dyktigheit på kjøkkenet med eit varmt engasjement for ungdom og trivsel. På Tryggheim vgs er det ca. 600 elevar, - av desse bur 250 på skulen sine internat.
Typiske arbeidsoppgåver:
Kokk/kokehjelp ved Tryggheim vgs arbeider i eit hektisk og triveleg miljø saman med kjøkkenleiar og kjøkkenassistentar. Den som blir ansatt er med i skiftordning med koking kvar tredje helg.
· Ansvar for planlegging og produksjon av middagsmåltid
· Delta i planlegging, produksjon og servering av måltid
· Ivareta kvalitet, hygiene og matsikkerheit i tråd med gjeldande regelverk
· Bidra til effektiv organisering av kjøkkenet
· Vere med og følge opp kjøkkenpersonalet og elevar som har kjøkkenteneste
Vi søkjer etter ein person i inntil full stilling, gjerne med fagbrev som kokk. I tillegg til relevant utdanning og praksis vil det ved tilsetting også bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Den som blir tilsett må kunne legge fram tilfredsstillande politiattest, jfr. Privatskolelova § 4-3.
Lønn etter skulen sitt regulativ. Pensjonsordning og forsikringsordningar.
Skulen ønskjer i å komme i kontakt med aktuelle søkjarar så snart som mogleg.
Spørsmål kan rettast til kjøkkenleiar Anne Hovland på telefon 51 79 80 19 eller 452 95 014.
Søknad og CV kan sendast elektronisk til post@tryggheim.no. Vitnemål og attestar kan takast med ved eventuelt intervju.
Søknadsfrist: 7. desember 2026.