Tryggheim treng elektrolærar i 100 % stilling frå 1. august 2026
Tryggheim er ein kristen friskule kor vi arbeider for læring gjennom nysgjerrigheit, samarbeid og meistring. Hos oss skal både elevar og tilsette oppleva tryggleik, utvikling og arbeidsglede – kvar dag. Misjonssambandet sitt verdigrunnlag ligg til grunn for alt arbeid, og pregar kvardagen vår. Vi ser etter deg som vil strekkja deg litt ekstra for å vera med å skapa eit inkluderande miljø for læring, vekst og tru.
Som lærar hos oss får du vera del av eit engasjert kollegium som deler idéar, utfordrar kvarandre fagleg og heiar på kvarandre. Du vil ha ansvar for undervisning, vurdering og oppfølging av elevar, og bidra til skulens faglege og sosiale utvikling.
Typiske arbeidsoppgåver:
• Planleggja og gjennomføra undervisning i ulike elektrofag
• Skapa motiverande læringsopplegg med tydelege mål og variasjon
• Følgja opp elevanes faglege og sosiale utvikling
• Samarbeida tett med kollegaer, føresette og skuleleiing
• Kontaktlærarfunksjon
Vi ser etter deg som:
• Har utdanning og brei erfaring innanfor elektro, primært som elektrikar
• Har fullført teknisk fagskule eller høgare utdanning innan relevant fagområde
• Har-, eller kan tenkja deg å gjennomføra praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag
• Er fagleg sterk, nysgjerrig og glad i å halda deg oppdatert og å læra
• Har eit varmt hjarta for elevgruppa i alderen 16-18 år
• Har eit reflektert forhold til elevar og læring, og veit at relasjonar kan vera ein nøkkelfaktor
• Torer å prøva nye idéar og dela erfaringar med kollegaene dine
• Bidreg til eit positivt, fleksibelt og profesjonelt arbeidsmiljø
• Har personlege eigenskapar som er relevante for stillinga
• Vil bidra i både dei sosialpedagogiske oppgåvene og det kristne arbeidet ved skulen
• Ønskjer å bli ein viktig del av eit fellesskap som arbeider for å fremja skulen sine mål og verdiar, og derfor deler det kristne livssynet som skulen byggjer på
Vi tilbyr:
• 100 % stilling frå 1. august 2026
• Eit inkluderande arbeidsmiljø
• Tid til samarbeid, utvikling og fagleg påfyll
• Moglegheiter for vidareutdanning og kompetanseheving
• En skule i utvikling – der du får vera med og påverka
• Mentorordning for nye lærarar
• Å kunne søkje om utdannings- og rekrutteringsstipend gjennom Utdanningsdirektoratet
• Lønns- og arbeidsvilkår som i tilsvarande offentlege skular
Ta kontakt
Vi høyrer gjerne frå deg om du har spørsmål eller trur dette kan vera noko for deg, slik at vi kan snakka saman og bli litt betre kjende.
| Christian L. Knoph | avdelingsleiar elektro | 930 50 089 | cknoph@tryggheim.no |
| Gjermund Viste | rektor | 404 19 842 | gviste@tryggheim.no |
Den som vert tilsett, må kunna leggja fram politiattest i samsvar med privatskulelova § 4-3.
Skulen ønskjer å komme i kontakt med aktuelle søkjarar så snart som mogleg. Søknad og CV kan sendast elektronisk til post@tryggheim.no innan 1. februar. Vitnemål og attestar kan takast med ved eventuelt intervju.
Vi gler oss til å høyra frå deg.