To ungdomsbedrifter og ein tømrarelev frå Tryggheim skal måle krefter mot dei beste i landet.
Royal Design UB og FjosFalken UB har kvalifisert seg til NM for ungdomsbedrifter, og tømrareleven Jonatan skal delta i skule-NM for tømrarfaget.
Tømrar-konkurranse
Då fylkesmeisterskapen for tømrarelevar blei arrangert på Bryne vidaregåande skule 16. februar, gjekk Jonatan frå vg2 på Tryggheim til topps. Han skal måle krefter mot dei beste i landet når skule-NM for tømrarfaget i regi av WorldSkills Norway blir arrangert på Ringsaker videregående skole i Brumunddal 15. og 16. april.
Ungdomsbedrift-konkurranse
Då fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter i regi av Ungt Entreprenørskap Rogaland blei arrangert i Stavanger konserthus onsdag 25. mars, blei Royal Design frå vg2 tømrar kåra til den beste yrkesfaglege ungdomsbedrifta, og FjosFalken UB frå vg2 elenergi og ekom vann innovasjonsprisen! Dei to Tryggheim-bedriftene skal representere Rogaland i NM 29. og 30. april i Nova Spektrum saman med Godalen Gledesspredere frå Godalen videregående skole og Cheap Sheep UB frå Karmsund videregående skole.
Royal Design UB
Dei fem elevane som driv Royal Design UB, går vg2 tømrar og snikrar spilebord i eik. Juryen ga følgande grunngjeving då bedrifta blei kåra til Rogalands beste yrkesfaglege ungdomsbedrift:
«Årets vinner utmerker seg med en bærekraftig og gjennomført forretningsidé. Ungdomsbedriften har utviklet stilrene spisebord i eik, basert på restmaterialer og gir nytt liv til ressurser som ellers ville gått til spille. Ungdomsbedriften viser høy kvalitet både i design og håndverk, har god forståelse for produksjon, marked og verdiskapning.»
Fjosfalken UB
Dei fem elevane som driv FjosFalken UB, går vg2 elenergi og ekom og utviklar ei lydløysing som skal få fuglar ut av fjøs, slik at dei ikkje bæsjar i maten til dyra. Juryen gav følgande tilbakemelding då bedrifta blei kåra til Rogalands mest innovative:
«Fjosfalken UB vinner Innovasjonsprisen fordi de løser et reelt og utbredt problem i norsk landbruk på en måte som er både lovlig og dyrevennlig. Løsningen bruker fuglenes eget språk mot dem ved å spille av varsellyder og rovfugllyder med varierende intervaller, slik at fuglene ikke venner seg til systemet over tid. Bedriften har gjort grundig forarbeid gjennom en markedsundersøkelse med over 80 bønder, og har i tillegg samarbeidet med professor Svein Dale ved NMBU for å sikre at løsningen er vitenskapelig fundert. På stand viste teamet stor faglig trygghet og evne til å kommunisere både problem og løsning på en overbevisende måte. Fjosfalken UB er et sterkt eksempel på innovasjon som springer ut fra et ekte behov og er utviklet med solid kunnskap, samfunnsansvar og bærekraft i bunn.»
Foto frå fylkesmeisterskapen for ungdombedrifter: Hanne Tveit, Hike kommunikasjon
Foto frå fylkesmeisterskapen for tømrarfaget: Endre Urstad, Tryggheim