27. okt 2023 kl 23:38 Henrik Foss Del
For første gong i den 104 år lange Tryggheim-historia har vidaregåande passert 550 elevar.
Friskulen som begynte på Nærbø i 1919 med like over 50 elevar, samlar i haust 288 på ungdomsskulen og 552 på vidaregåande. Rektor Gjermund Viste er takksam for at Tryggheim har rekordtal skuleåret 2023/24.
- Vi er stolte og audmjuke over at så mange ønsker å gå på Tryggheim, seier han og understrekar at det framleis er viktig for skulen å sjå den enkelte eleven.
Vekst og utvikling
Gjermund Viste har vore rektor på Tryggheim sidan 2005. Den gongen hadde ungdomsskulen sitt oppstartsår, med 13 elevar, og 426 gjekk på vidaregåande. At Tryggheim i 2023 er meir attraktiv enn nokon gong, gir skulen endå større frimod til å realisere byggeplanar.
- Når mange over tid takkar ja til å gå på Tryggheim, betyr det at vi kan investere for framtida. Planane «Tryggheim 2030» inneber å bygge nytt undervisningsbygg og nytt internat. Godt elevtal bidrar til at vi kan halde fram med å vidareutvikle skulen, seier rektor.
God oppstartshaust
Skuleåret starta med opningsfest i møtesalen for Vg1-elevar og -foreldre laurdag 19. august. I løpet av dei to første skulevekene var det ekstra stort aktivitetsnivå på kveldstid og i helgene slik at dei nye elevane på vidaregåande skulle bli betre kjent med kvarandre.
- Det har vore veldig mykje å glede seg over i oppstarten. 220 elevar bur på internat, og veldig mange heimebuarar prioriterer å vere med på det som skjer i Tryggheim sin regi etter skuletid, seier Gjermund Viste.
Den siste helga i august reiste heile 130 Vg3-elevar til leirplassen Tonstadli på russe-weekend for å knyte sosiale band på tvers av klassane. For første gong har skulen fem Vg3-klassar som er heilt fulle.
Før haustferien var også Vg2-elevane på utanlandsturar til Vest-Europa og Israel, og Vg3 besøkte Oslo.