5. aug 2022 kl 13:24 Tårn Helge Helgøy Del
Her finn du viktig informasjon til deg og dine foreldre/føresette.
SKOLESTART
Skoleåret tek til laurdag 20. august for alle elevane i Vg1. Dette er ein obligatorisk skoledag frå klokka 1700-1945. Programmet blir i år slik: Kl. 16.00 Infomøte for internatelevar og foreldre/føresette til internatelevane i møtesalen Kl. 17.00 Samling for alle Vg1-elevar og foreldre/føresette i møtesalen. Det blir ein del felles info. Så går elevane ut klassevis, og har samling med klassen og kontaktlæraren sin. Når elevane har gått ut, blir det gitt ein del informasjon til foreldre/føresette. Etter det er det matservering i kantina/matsal, først til foreldre/føresette, så til elevane. Kl. 18.30 Klassevise foreldremøte i heimerommet til klassen. Kort info og «bli kjent» Kl. 19.00-19.45 Opningsfest i møtesalen for alle Vg1-elevar og foreldre/føresette. Kl. 20.00 og utover: Sosiale aktivitetar og bli kjent opplegg i regi av miljøarbeidarane. Vi oppfordrar alle elever til å bli igjen og bli kjent!
Vi er klare og gler oss til eit nytt, flott Tryggheim-år!
Vg2 og Vg3 har første skoledag måndag 22. august med oppmøte i møtesalen kl. 9.00 for Vg2 og kl. 10.00 for Vg3. Vg2- og Vg3-elevane som skal bu i internatet flyttar inn laurdag eller søndag. Vg1 startar i heimeromma denne måndagen kl. 08.10. |
NB! Internatelevane på Vg1 bør koma så tidleg at dei kan få installert seg på romma før kl. 16.
NB! Det blir utdeling av PC i gymsalen laurdag 20. august frå klokka 13 og utover
Sjå skolerute; https://vgs.tryggheim.no/info/
Skolebøker, PC og utstyr
Bøker og skolemateriell får de låne på skolen. I høve til PC/Mac har IKT sendt ut informasjon om dette. Du som har fått tilbod om skoleplass etter det, kan få ordne med PC ved oppstart i august, eller du kan fylle ut skjema for PC-ordning her; https://vgs.tryggheim.no/info/info/pc-ordning/
Elevar på nokre av dei yrkesfaglege utdanningsprogramma må ha med ekstra klede og utstyr.
Kontaktinfo
Hovudnummeret til skolen er 51 79 80 00 i kontortida (0800-1500).
Kontaktinfo til dei tilsette finn du her; https://vgs.tryggheim.no/kontakt/tilsette/
Etter kl. 1500 gjeld mobilnummera: 906 93 732 til tilsynstelefon 1 og 416 00 937 til tilsynstelefon 2.
Skole- og opphaldspengar – økonomiske kostnader
Informasjon om betalingsplanar, depositum, faktura, prisar og anna informasjon som gjeld økonomi, finn du på skolen si nettside her: https://vgs.tryggheim.no/info/info/okonomi/
NB! Når du betaler, skal du bruke faktura/giro som du får utdelt/tilsendt. Den er merka med KID-nummer.
I nettbanken vil du få tilbod om avtalegiro eller E-faktura. Faktura som ikkje blir sendt som e-faktura sendast på e-post til føresett 1. Ending av fakturamottakar/e-post kan meldast til økonomiavdelinga: regnskap@tryggheim.no
Stipend - lån
Alle elevane bør søkje stipend og lån i Statens Lånekasse for utdanning. Alle som søkjer får minimum utstyrsstipend. Søknadane skal bekreftast av skolen. Send søknad så snart som råd.
Helseopplysningar - tilbakemeldingsskjema
Vi bed om tilbakemelding på tilsendt skjema dersom det er opplysningar skolen bør ha kjennskap til. Vi har helsesjukepleiar ved skolen som elevane kan ta kontakt med; https://vgs.tryggheim.no/info/info/helsesjukepleiar/
Andaktar – møte - fritid
Tryggheim er ein kristen skole. Skoledagane tek til med andakt i 1. time, - til vanleg i klasserommet. Måndagar er det fellesandakt i møtesalen. Det er møteplikt til andaktar og fellessamvær i skoletida.
Elles er det møte og andre samvær på kveldstid. Desse er opne for alle elevane, også for heimebuarar. Vi ønskjer at mange vil ta del i dei ulike fritids- og miljøtilboda på skolen, men dette er sjølvsagt frivillig.
Reglement
Det er viktig for alle som skal arbeide saman på Tryggheim – elevar, lærarar og andre tilsette, at vi har klare og greie reglar for fellesskapen. Desse reglane skal hjelpe oss til å ta omsyn til andre, lette arbeidssituasjonen og leggje grunn for eit positivt og aktivt ungdomsmiljø. Gjeldande reglement for skole og internat finn de på nettsida.
Internatelevar – gjeld dei som skal bu i internata
Internatelevane får ein del info søndag 21. august kl. 12.30 i møtesalen.