24. okt 2022 kl 13:13 Henrik Foss Del
Tryggheim samlar inn pengar til evangelisering og bistand i Aust-Afrika.
Tryggheimsrussen og elevrådet står i spissen for årets innsamlingsaksjon til Aust-Afrika-prosjekt i regi av skulen sin eigarorganisasjon, Misjonssambandet. Pengane gjer at fleire barn får skulegang, og at elevar får internat. Misjonssambandet arbeider for å styrke helsetilbodet, redusere dødelegheit i samband med fødslar og har i tillegg ulike landsbyprosjekt som skal betre livskvaliteten til befolkninga. Pengane bidrar også til at menneske som ikkje kjenner den kristne bodskapen, får høyre evangeliet om Jesus.
I løpet at skuleåret blir det laga til ulike arrangement for å samle inn pengar til misjonsprosjektet, mellom anna basar, misjonsløp og turneringar. Fredag 28. oktober arrangerer skulen Operasjon Misjon-dag, der alle elevar samlar inn 400 kroner kvar ved å jobbe eller ved å selje støttebevis.