Prosjektleiar Elias Solvang (t.h.) i russestyret overrekte ein symbolsk sjekk til regionleiar Kolbjørn Bø i Misjonssambandet.

Misjonsprosjektet 2021/22Elevar samla inn 1,4 millionar

Årets innsamlingsaksjon resulterte i 1,4 millionar kroner til bistand og evangelisering i Sør-Amerika.

13. jun 2022 kl 14:10 Henrik Foss

Ein fullsett møtesal på Tryggheim responderte med ellevill jubel då innsamlingssummen blei offentleggjord under avslutningsfesten på skulen fredag 10. juni. Prosjektleiar Elias Solvang i russestyret uttrykker takksemd over elevengasjementet gjennom skuleåret.

– Elevar har meldt seg til teneste og stilt opp på dei ulike arrangementa der vi har samla inn pengar, seier ein nøgd prosjektleiar.  

Samarbeid

Årets innsamlingsaksjon har som tidlegare vore eit samarbeid mellom elevrådet og russen ved skulen. Tryggheim-elevane har samla inn beløpet gjennom å halde arrangement som misjonsløp, basar og idrettsturneringar.

- Det gjer meg glad å sjå at så mange elevar har fått kjensla av å vere med på noko stort, seier prosjektleiaren.

Sør-Amerika-prosjekt

Pengane skal gå til Misjonssambandet sitt arbeid i Sør-Amerika. Bolivia og Peru har store sosiale utfordringar. Arbeidsløysa er høg, og det er store skilnader mellom fattige og rike. Beløpet frå Tryggheim skal mellom anna gå til å styrke yrkesutdanning og kristen utdanning. Pengane skal også finansiere søndagsskule-, leir- og ungdomsarbeid og kurs for å betre forhold i familiar.

Vg3-eleven Elias Solvang var sjølv i Peru i april og fekk mellom anna innblikk i kurs- og utdanningsprosjekt som Misjonssambandet driv i landet.

- Eg fekk oppleve arbeidet som vi støttar, på nært hald. Dette er sikkert ei av dei sterkaste opplevingane i livet mitt, seier Solvang om Peru-turen.

PS! Sidan skuleåret 2008/09 har elevane ved Tryggheim vidaregåande skule samla inn over 14 millionar kroner til ulike misjonsprosjekt i regi av skulen sin eigarorganisasjonen, Misjonssambandet.