4. okt 2024 kl 16:04 Henrik Foss Del
Gjennom å plukke eple har Tryggheim-elevar allereie hausta inn 25.000 kroner til årets misjonsprosjekt.
Elevar samla inn 25.000 kroner ved å plukke eple hos juiceprodusenten Lyngnes gård på Randaberg på kveldstid måndag 16. og 23. september. Seinare skal elevane mellom anna arbeide ein skuledag og løpe til inntekt for misjonsprosjektet til skulen.
Dette er årets misjonsprojekt
Innsamlingsaksjonen 2024/25 skal støtte eigarorganisasjonen Misjonssambandet sitt arbeid i Indonesia. Kristne leiarar skal få tilbod om utdanning og kurs. Pengane skal vidare gi born og unge betre utdanning og livsvilkår og gi eit verdig liv for psykisk sjuke. Midlane bidrar også til at menneske som ikkje kjenner den kristne bodskapen, får høyre evangeliet om Jesus.