21. jun 2024 kl 11:19 Henrik Foss Del
Årets misjonsprosjekt resulterte i 1.675.000 kroner til bistand og evangelisering i Vest-Afrika.
Aldri før har Tryggheim-elevane samla inn meir pengar enn gjennom årets aksjon. Ei fullsett storstove på skulen responderte med jubel og applaus då innsamlingssummen blei offentleggjord under avslutningsfesten for Vg3-klassane og avgangselevane på Vg2 yrkesfag fredag 14. juni. Prosjektleiar Ida i russestyret er takknemleg for engasjementet elevane har vist gjennom skuleåret.
- Innsatsen til årets Tryggheim-elevar har vore fantastisk! Mange har vist ein oppofrande innsats. Dei har brukt mykje av fritida si slik at vi enda med eit rekordhøgt tal på sjekken vi fekk overlevere, seier Ida.
Saman med elevrådsleiar Tiril Amalie overrekte Ida ein symbolsk sjekk til regionleiar Werner Larsen i Misjonssambandet under avslutningsfesten fredag.
Samarbeid
Innsamlingsaksjonen på Tryggheim er som alltid eit samarbeidsprosjekt mellom elevrådet og russen ved skulen. Den største inntektskjelda gjennom året var løpet på skuleområdet 24. april som resulterte i over 800.000 kroner. Ein eigen russebasar gav 250.000 kroner til prosjektet, og skuledagen som elevane brukte til å løyse arbeidsoppgåver utanfor Tryggheim, resulterte i 220.000 kroner til innsamlinga. Russen har elles skrive og selt avis, drive kiosk på skuleområdet og stelt i stand ulike innbringande arrangement.
Vest-Afrika-prosjekt
Pengane skal gå til Misjonssambandet sitt arbeid i Vest-Afrika. Innsamlingsaksjonen skal støtte både evangelisering og bistand i Elfenbenskysten og Mali. Pengane bidrar til å betre livsvilkåra gjennom lese- og skriveopplæring og jordbruksprosjekt. Innsamlinga bidrar også til at menneske som ikkje kjenner den kristne bodskapen, får høyre om Jesus.
PS! Sidan skuleåret 2008/09 har elevane ved Tryggheim vgs samla inn om lag 17 millionar kroner til ulike misjonsprosjekt i regi av skulen sin eigarorganisasjonen, Misjonssambandet.