Tryggheim vgs treng lærarar i kroppsøving, kristendom og/eller naturfag

Tryggheim vgs treng lærarar frå 1. august 2022 (vikariat). No er det klart at vi treng to lærarar allereie frå januar 2022 og går difor ut med ei utlysing no. Det ser ut til at det er kroppsøving, kristendom og naturfag som er dei mest aktuelle faga, men andre fag kan også vere aktuelle.  

Vi treng å styrka Tilrettelagt avdeling med lærarkompetanse, gjerne med spes.ped. og erfaring frå grunnskulen.

I tillegg til formell utdanning og praksis vil det ved tilsetting også bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer medarbeidarar med god fagleg kompetanse, som er fleksible, gode til å samarbeida og har eit reflektert forhold til elevar og læring.

Den som vert tilsett må ta del i dei sosialpedagogiske oppgåvene og det kristne arbeidet og aktivt kunne fremje målsetjinga ved skulen. Søkjarar må difor dele det kristne livssynet. NLMs verdigrunnlag ligg til grunn for stillingane.

Den som blir tilsett må kunne leggje fram politiattest, jfr. Friskolelova § 4-3.

Søknadsfrist: Skulen ønskjer å komme i kontakt med aktuelle søkjarar så snart som mogleg, i første runde innan 31. oktober, og i andre runde innan 15. februar.

Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor, tlf 51 79 80 00, mob: 40 41 98 42 eller mail: gviste@tryggheim.no

Søknad og CV kan sendast elektronisk til post@tryggheim.no. Vitnemål og attestar kan takast med ved eventuelt intervju.

 

Søknad kan også sendast:

Styret for Tryggheim skular v/rektor
Tryggheimvn. 13
4365 Nærbø

Personvernerklæring Vi bruker informasjonskapsler for å gjøre opplevelsen på siden så god som mulig. Ved å klikke på «Ok», samtykker du i bruken av slike teknologier. Mer info