Tryggheim vgs treng lærar i engelsk frå 1. oktober 2024. (Eller før hvis mogleg). Andre fag som historie, samfunnskunnskap og kristendomskunnskap er òg aktuelle. Både vikariat og fast stilling er aktuelt.
I tillegg til formell utdanning og praksis vil det ved tilsetting også bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer medarbeidarar med god fagleg kompetanse, som er fleksible, gode til å samarbeida og har eit reflektert forhold til elevar og læring.
Den som vert tilsett må ta del i dei sosialpedagogiske oppgåvene og det kristne arbeidet og aktivt kunne fremje målsetjinga ved skulen. Søkjarar må difor dele det kristne livssynet. Misjonssambandets verdigrunnlag ligg til grunn for stillingane.
Den som blir tilsett må kunne leggje fram politiattest, jfr. Privatskolelova § 4-3.
Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor, tlf 51 79 80 00, mob: 40 41 98 42 eller mail: gviste@tryggheim.no
Skulen ønskjer å komme i kontakt med aktuelle søkjarar så snart som mogleg.
Søknad og CV kan sendast elektronisk til post@tryggheim.no. Vitnemål og attestar kan takast med ved eventuelt intervju.
Søknad kan også sendast:
Styret for Tryggheim skular
v/rektor
Tryggheimvn. 13
4365 Nærbø