Tryggheim vgs søker kjøkkenleiar

Tryggheim vgs søkjer kjøkkenleiar (100%) med øye for kvalitet og som kommuniserer godt med medarbeidarane sine.

Tiltreding: Etter avtale

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere

  • Effektiv drift av kjøkken og kantine
  • Planlegging av kosthaldet ved skolen
  • Kvalitetssikring av kjøkkenavdelinga
  • Personalansvar
  • Bestilling og matvarelager

I tillegg til relevant utdanning og praksis vil det ved tilsetting også bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Fagbrev som kokk vil vere ein fordel.

Den som vert tilsett må ta del i dei sosialpedagogiske oppgåvene og det kristne arbeidet og aktivt kunne fremje målsetjinga ved skulen. Søkjarar må difor dele det kristne livssynet. Misjonssambandets verdigrunnlag ligg til grunn for stillingane.

Den som blir tilsett må kunne leggje fram politiattest, jfr. Friskolelova § 4-3.

Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar for kjøkken, Aud Nymark Arroyo, mob: 476 36 887 eller rektor, tlf. 51 79 80 00, mob: 40 41 98 42 eller mail: gviste@tryggheim.no

Skulen ønskjer å komme i kontakt med aktuelle søkjarar så snart som mogleg.

Søknad og CV kan sendast elektronisk til post@tryggheim.no. Vitnemål og attestar kan takast med ved eventuelt intervju.

 

Søknad kan også sendast:

Styret for Tryggheim skular

v/rektor

Tryggheimvn. 13

4365 Nærbø

Personvernerklæring Vi bruker informasjonskapsler for å gjøre opplevelsen på siden så god som mulig. Ved å klikke på «Ok», samtykker du i bruken av slike teknologier. Mer info