Tryggheim ungdomsskule treng lærarar i engelsk, norsk og tysk

Tryggheim ungdomsskule treng lærarar frå 1. august 2022.

Faga som me treng er engelsk, norsk og tysk. Andre fag kan og vera aktuelle.

I tillegg til formell utdanning og praksis vil det ved tilsetting også bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer medarbeidarar med god fagleg kompetanse, som er fleksible, gode til å samarbeida og har eit reflektert forhold til elevar og læring.

Den som vert tilsett må aktivt kunne fremje målsetjinga ved skulen. Søkjarar må dele det kristne livssynet. NLM sitt verdigrunnlag ligg til grunn for stillingane.

Den som blir tilsett må kunne leggje fram politiattest, jfr. Friskolelova § 4-3.

Søknadsfrist: Skulen ønskjer å komme i kontakt med aktuelle søkjarar så snart som mogleg. Søknadsfrist 11. februar 2022.

Spørsmål om stillinga kan rettast til leiar, tlf 51 79 80 72, mob: 988 52 709 eller mail: tgrodem@tryggheim.no

Søknad og CV kan sendast elektronisk til ungdomsskulen@tryggheim.no. Vitnemål og attestar kan takast med ved eventuelt intervju.

 

Søknad kan også sendast:

Styret for Tryggheim skular

v/leiar for Tryggheim ungdomsskule

Tryggheimvn. 13
4365 Nærbø

Personvernerklæring Vi bruker informasjonskapsler for å gjøre opplevelsen på siden så god som mulig. Ved å klikke på «Ok», samtykker du i bruken av slike teknologier. Mer info