Tryggheim ungdomsskule treng lærar

Aktuelle fag er matematikk, naturfag og norsk

Tryggheim ungdomsskule treng lærar frå ca. 1. februar 2023 (inntil 100 % midlertidig stilling). I fyrste omgang gjeld dette fram til 31.07, men med moglegheiter for forlenging.

Aktuelle fag er matematikk, naturfag og norsk. Andre fag er òg aktuelle.

I tillegg til formell utdanning og praksis vil det ved tilsetting også bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer medarbeidarar med god fagleg kompetanse, som er fleksible, gode til å samarbeida og har eit reflektert forhold til elevar og læring.

Den som vert tilsett må kunne fremje målsetjinga ved skulen. Søkjarar må difor dele det kristne livssynet. Misjonssambandets verdigrunnlag ligg til grunn for stillingane.

Den som blir tilsett må kunne leggje fram politiattest, jfr. Privatskolelova § 4-3.

Spørsmål om stillinga kan rettast til leiar for Tryggheim ungdomsskule, Tron-Arild Grødem tlf 51 79 80 72,

mob: 988 52 709 eller mail: tgrodem@tryggheim.no

Skulen ønskjer å komme i kontakt med aktuelle søkjarar så snart som mogleg.

Søknad og CV kan sendast elektronisk til tgrodem@tryggheim.no. Vitnemål og attestar kan takast med ved eventuelt intervju.

 

Søknad kan også sendast:

Styret for Tryggheim skular

v/leiar Tron-Arild Grødem

Tryggheimvn. 13

4365 Nærbø

Personvernerklæring Vi bruker informasjonskapsler for å gjøre opplevelsen på siden så god som mulig. Ved å klikke på «Ok», samtykker du i bruken av slike teknologier. Mer info