Tryggheim vgs treng miljøterapeutar på Tilrettelagt avdeling (TA)

Tryggheim vgs treng 1-2 miljøterapeutar på Tilrettelagt avdeling (TA) frå 1. august 2022 (midlertidig stilling, med moglegheit for fast tilsetjing).

I tillegg til relevant utdanning og praksis vil det ved tilsetting også bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer medarbeidarar med god fagleg kompetanse, som er fleksible, gode til å samarbeide og har eit reflektert forhold til elevar og læring.

Den som vert tilsett må ta del i dei sosialpedagogiske oppgåvene og det kristne arbeidet og aktivt kunne fremje målsetjinga ved skulen. Søkjarar må difor dele det kristne livssynet. Misjonssambandets verdigrunnlag ligg til grunn for stillingane.

Den som blir tilsett må kunne leggje fram politiattest, jfr. Friskolelova § 4-3.

Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar for spesialpedagogikk, Åse Bente H. Nielsen, mob: 994 90 858 eller rektor, tlf 51 79 80 00, mob: 40 41 98 42 eller mail: gviste@tryggheim.no

Skulen ønskjer å komme i kontakt med aktuelle søkjarar så snart som mogleg.

Søknad og CV kan sendast elektronisk til post@tryggheim.no. Vitnemål og attestar kan takast med ved eventuelt intervju.

 

Søknad kan også sendast:

Styret for Tryggheim skular

v/rektor

Tryggheimvn. 13

4365 Nærbø

Personvernerklæring Vi bruker informasjonskapsler for å gjøre opplevelsen på siden så god som mulig. Ved å klikke på «Ok», samtykker du i bruken av slike teknologier. Mer info