Tryggheim vgs treng lærar i Bygg- og anleggsteknikk i 80-100 % stilling frå 1. august 2023. Høgt elevtal og behov for tilretteleggingar gjer at det totale behovet aukar med ca. 80-100 % stilling neste år to åra.
Ønska kvalifikasjonar:
I første omgang er det eit vikariat på inntil 2 år, men med moglegheit for fast tilsetjing etter det.
I tillegg til formell utdanning/praksis vil det ved tilsetting også bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer ein medarbeidar med god fagleg kompetanse, som er fleksibel, god til å samarbeide og har eit reflektert forhold til elevar og læring.
Den som vert tilsett må ta del i dei sosialpedagogiske oppgåvene og det kristne arbeidet og aktivt kunne fremje målsetjinga ved skulen. Søkjarar må difor dele det kristne livssynet. Misjonssambandets verdigrunnlag ligg til grunn for stillinga.
Den som blir tilsett må kunne leggje fram politiattest, jfr. Privatskolelova § 4-3.
Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor, tlf 51 79 80 00, mob: 40 41 98 42 eller mail: gviste@tryggheim.no eller seksjonsleiar Bjarte Gudmestad, mob: 47 50 16 10 eller mail: bgudmestad@tryggheim.no
Skulen ønskjer å komme i kontakt med aktuelle søkjarar så snart som mogleg og seinast 21. april.
Søknad og CV kan sendast elektronisk til post@tryggheim.no. Vitnemål og attestar kan takast med ved eventuelt intervju.
Søknad kan også sendast:
Styret for Tryggheim skular
v/rektor
Tryggheimvn. 13
4365 Nærbø